top of page
Search

Våren 2026 - nyheiter

  • Writer: Louise Tafjord
    Louise Tafjord
  • Jul 10
  • 2 min read

Gjennom vinteren har vi vidareutvikla produktserien Postkort frå Geiranger Brenneri, og denne våren har vi lansert to nye produkt i serien.


Som destilleri i hjartet av verdsarvfjorden Geiranger ønskte vi å skape ein serie som heidrar det vakre landskapet og dei gode råvarene som høyrer til området. Frå kjende attraksjonar som Dei sju systrene og Flydalsjuvet til mindre kjende stader som Hyskje og Løsta, er tanken å lage ulike postkort frå ulike plassar i Geiranger.


Felles for alle produkta er at dei ber med seg historia om fjorden og ingrediensane som veks her – frå høgt oppe i fjella til djupt nede i fjorden. Difor likar vi å seie at du finn verdsarv i kvar einaste dråpe av produkta våre.


I 2025 lanserte vi det første produktet i postkortserien vår. Etiketten er utforma som eit postkort, der kvart produkt har sitt eige motiv frå Geiranger på innsida av flaska, medan frimerket på etiketten viser nokre av ingrediensane i innhaldet.


Serien er ei hyllest til den storslåtte naturen som omgjev destilleriet vårt. Han omfattar fleire premiumprodukt, mellom anna Destillatørens utvalde Premiumakevitt og dei to nylanseringane Botanisk Gin og Sommarakevitt. Vi håpar det smakar!



Finnes i bestillingutvalget på Vinmonopolet
Finnes i bestillingutvalget på Vinmonopolet

603

Geiranger Brenneri Botanisk Gin

Er ein frisk og smaksrik gin inspirert av naturen rundt Geiranger. Ginen er destillert med einebær, korianderfrø, irisrot, rosépepar, anis og sitrus, saman med lokale ingrediensar som skogsbær, rips, rabarbra, blåbærlyng, granskot og ville blomar.


På nasen er ginen fruktig og aromatisk, med eit tydeleg preg av einebær, sitrus, bær og florale tonar frå ville vekstar og urter.

Smaken er frisk og velbalansert, med klare innslag av einebær, sitrus, koriander, blomar, frukt og urter, avrunda med eit mjukt og naturleg preg frå skog og fjell.


43% alkohol og tilgjengelig i 50cl. VP 20603602


Geiranger Brenneri Sommarakevitt

Finnes i bestillingutvalget på Vinmonopolet
Finnes i bestillingutvalget på Vinmonopolet

Er ein lett og frisk norsk akevitt inspirert av sommaren i fjordlandskapet. Akevitten er laga på norsk potetsprit og krydra med mellom anna karve, dill, lakrisrot, anis, kardemomme og rosépepar, saman med mjødurt, sitrus, rabarbra, rips og ville blomar.


På nasen er akevitten lett floral, med friske tonar av karve, milde krydder, sitrus og skogsbær.

Smaken er mjuk og sommarleg, med eit friskt preg av karve, grøne urter, mild anis, frukt, bær og sitrus, balansert med delikate florale tonar og eit hint av sødme.


40% alkohol og tilgjengelig i 50cl. VP 20603702







Beste helsing frå
Louise og Aleksander
 
 
 

Comments


© GEIRANGER BRENNERI 2022

Org. 929 225 236

bottom of page
BOOK NOW BOOK NOW